Avisbud-kaoset vil fortsette

Carlos Smedsplass sette i gang debatt på Facebook. Der har det vore livleg diskusjon, og mange lurer på kvifor dei har fått avis, men ikkje naboen.

Carlos Smedsplass sette i gang debatt på Facebook. Der har det vore livleg diskusjon, og mange lurer på kvifor dei har fått avis, men ikkje naboen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Samferdselsdepartementet har ikke stilt noen krav til utleveringen.

DEL

(Siste) [Firda] Då Samferdselsdepartementet lyste ut anbod på ombering av aviser på laurdagar, var det to aktørar som melde seg: Bodbilfirmaet Kvikkas, basert i Ålesund, og Posten Norge. Kvikkas leverte eit anbod som var 90 millionar kroner billegare enn Posten, og dei fekk kontrakten. Regjeringa var i mål med endå eit av sine konkurranseutsetjing- og privatiseringsprosjekt, som ifølgje ideologien skal sikre forbrukarane billegare og betre tenester.

Så langt er det Staten som har spart, og forbrukarane som har tapt på ordninga. Dei verkeleg store taparane ser ut til å bli avisene.

Papiravisene har lenge slite med fallande opplagstal og færre kundar. No får dei kjenne regjeringa sitt privatiseringsprosjekt på kroppen, med rasande abonnentar i hundrevis som ringer og trugar med å seie opp abonnementet. Tidspunktet: Midt i hovudforfallet til avisene, den månaden der veldig mange skal fornye abonnementet.

Firda: – Katastrofe for oss

– Dette er ein katastrofe for oss, seier Firda-redaktør Yngve Årdal.

– Vi har store problem, seier Bjørgulv Braanen, redaktør i Klassekampen.

– Det rår krisestemning i mange av våre aviser, seier distribusjonssjef i Amedia, Arne Sletholt.

5. november skulle Ketil Solvik-Olsens nyaste prosjekt ha premiere. I Firda sitt nedslagsfelt var det 2.500 abonnentar som var omfatta av den nye ordninga. Meir enn 650 av dei fekk ikkje avisa. Helga etterpå, etter ei hard veke med krisemøte og hard jobbing for å løyse problema, var håpet at ting skulle betre seg. Framleis var det meir enn 500 abonnentar som ikkje fekk avisa. Heile bodruter vart fullstendig ignorert. Fleire plassar tok folk bilde av kassar med plastkasser fylt med aviser som aldri kom fram til abonnentane.

– Men finst det i det heile ingen krav til kvalitet på det Regjeringa har forplikta seg til å betale 90 millionar kroner for? spør du kanskje.

Det gjorde i alle fall Firda. Det skulle ta ni dagar å få svaret.

Les også: Krisestemning i mange aviser og Distrikta taper igjen

Arne Sletholt er distribusjonssjef i Amedia.

Arne Sletholt er distribusjonssjef i Amedia. Foto:

Etter fiaskoen første helga, prøvde Firda å få kontakt med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen for å få ei forklaring på korleis alt kunne gå så gale. Seniorrådgjevar Edvard Andersen bad om å få spørsmåla våre sendt på epost, så han kunne «avgjere om dei skulle svarast på av politisk eller administrativt tilsette», som han sa det.

E-post ...

Spørsmåla vi sende, var:

«I det anbodet som vart lyst ut, som Kvikkas vann, vart det stilt krav til kvalitet på tenestene?

Kva skjer dersom leverandøren ikkje greier å tilfredsstille dei krava?

Kan vi få tilsendt «kravspesifikasjonen» kva gjeld kvalitet på tenestene?

Kva skjer dersom det viser seg at leverandøren har underprisa seg i den grad at han rett og slett ikkje vil kunne levere tenestene i forhold til kvalitetskrava?»

Dagen etter, den 8. november, fekk vi følgjande svar (på epost) frå statssekretær Toril Reynolds. Ho skriv mykje og langt om kor løysingsorienterte og fleksible og imponerande Kvikkas har vore, men kva gjeld svar på spørsmåla våre finn vi berre dette, om det kan kallast eit svar:

... etter e-post ...

«I en normalsituasjon vil budene benytte elektronisk rutebok. (…) Erfaringene viser at leveringspresisjonen for de delene av rutene som kunne kjøres med elektronisk rutebok lå vesentlig over de stedene som måtte kjøres etter papirlister.

Når det gjelder krav som ble stilt i anbodet og hvilke sanksjoner som kan tre i kraft ved mislighold, finner du informasjon her: https://kgv.doffin.no/ctm/Supplier/Documents/Folder/138789»

Ein får altså inntrykk av at bruk av elektronisk rutebok (eit GPS-basert system som leiar boda frå postkasse til postkasse) er avtalt, og at mangelen på levering er avisene sin feil.

Men les ein anbodspapira som statssekretæren viser til, viser det seg at elektronisk rutebok ikkje er nemnt. Kva verktøy og kva sikringssystem som skal brukast i utføringa av arbeidet er faktisk ikkje nemnt med eitt einaste ord. Det står heller ikkje eit ord om kor stor feilprosent ein tillèt. Det står faktisk ingen ting om kor godt jobben skal gjerast, for at ein kan sjå på den som gjort etter avtalen. Det næraste ein kjem, er ein setning der det står «Avisene skal være utlevert avisabonnentene senest innen klokka 17.00 lørdag».

Firda sende 8. november ny mail til Samferdselsdepartementet:

... etter e-post ...

«Hei. Eg finn ikkje nokon stad i Doffin-dokumenta noko punkt som omhandlar krav til kvalitetssikring i utføringa av arbeidet, som t.d. elektronisk rutebok. I kva punkt er slike forhold tatt opp?

Eg finn heller ikkje noko punkt om kva feilmargin ein tillèt. Det står berre at «avisene skal leveres» osv. Betyr det at ei einaste avis som ikkje blir levert er eit brot på kontrakten?»

To dagar gjekk, utan at Firda fekk noko svar. 10. november purra vi, og seinare på dagen fekk vi følgjande svar:

... etter e-post ...

"I tilbudsinnbydelsen kapittel 6 og 7, jf. Doffin-dokumentene, blir det stilt flere konkrete kvalifikasjonskrav. Dette ble grundig vurdert av departementet før valg av tilbyder.

Når det gjelder bruk av elektronisk rutebok, viser departementet til at både Kvikkas og Posten benytter slike systemer. Aviser som klarer å avgi korrekt informasjon om navn og adresser som kan brukes i tilbyders elektronisk rutebok vil oppleve høyere kvalitet på tjenesten enn aviser som ikke evner dette. Bruk av elektronisk rutebok var for øvrig en sentral del av tilbudet fra Kvikkas.

Mislighold er regulert i avtalens punkt 15. Den konkrete vurderingen av om en mangel eller et misligholdet kan ansees som vesentlig, beror på en helhetlig skjønnsmessig vurdering blant annet utviklet gjennom rettspraksis og teori. Samferdselsdepartementet vil på ordinær måte følge nøye med på om leveransen holder avtalt kvalitet. For øvrig vises det til at noen innkjøringsproblemer vil måtte påregnes ved skifte av systemer og tilbydere.»

Det rår krisestemning i mange av våre aviser.

Arne Sletholt, distribusjonssjef i Amedia

Departementet prøver altså framleis å framstille det som om det er avisene sin feil at abonnentane ikkje får avisene sine. Noko grense for kva som kan kallast ein for dårleg utført jobb ser det ikkje ut til at ein har sett. Men vendinga «avtalt kvalitet» dukkar plutseleg opp. Noko svar på om det er stilt krav til bruk av elektronisk rutebok får vi framleis ikkje. Vi såg oss nøydde til å sende spørsmåla på nytt:

... etter e-post ...

«Hei. 

Fire spørsmål: 

Kven stod ansvarleg for utforminga av anbodskonkurransen vedr. laurdagsdistribusjon av aviser?

Kven hadde ansvaret for kvalitetssikring av anboda?

Kven forhandla kontrakten med Kvikkas?

Kan eg få tilsendt kontrakten som er inngått med Kvikkas?»

To dagar seinare fekk vi dette svaret:

... etter epost.

«Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen viser til din henvendelse og kommer med følgende svar:

Kven stod ansvarleg for utforminga av anbodskonkurransen vedr. laurdagsdistribusjon av aviser?
Anbudet ble utformet av Samferdselsdepartementet (…)

Kven hadde ansvaret for kvalitetssikring av anboda?
Samferdselsdepartementet

Kven forhandla kontrakten med Kvikkas?
Samferdselsdepartementet

Kan eg få tilsendt kontrakten som er inngått med Kvikkas?
Ja.»

Det er altså Samferdselsdepartementet som har forhandla kontrakten med Kvikkas. Jammen godt, då, at ikkje Firda sende alle desse mailane til t.d. Fiskeridepartementet.  

Men, men, vi fekk i alle fall kontrakten. Til slutt.

«Avtale om levering av aviser i abonnement på lørdager», heiter den.

Vi har lest heile. Den er på 13 sider. Kvar einaste side er underskriven av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og dagleg leiar i bodbilfirmaet på Sunnmøre, Stig Kleive.

Den er på 13 sider, og 3271 ord. Ikkje eitt av dei handlar om kvalitet.

Skal Samferdselsdepartementet trekke Kvikkas i lønna for dårleg jobb, må dei nok ty til «rettspraksis og teori», som statssekretær Reynolds formulerer det. I den grad det finst rettssaker om avisbud som ikkje leverte avisene, då. Eller teori.

Amedia er fortvila

Kvikkas kan berre finne abonnentar som har ei gateadresse. Tolv prosent av husstandane i Norge har ikkje det, og kan måtte vente lenge før bodkaoset er løyst.

– Vi visste ikkje dette då alt begynte, seier direktør for distribusjon i Amedia, Arne Sletholt. Amedia-konsernet eig 65 aviser og distribuerer dagleg rundt 275.000 aviser. Dei er hardt ramma av Kvikkas-kaoset.

– Vi har prøvd å få innsyn i kva system Kvikkas brukte for distribusjonen, og då fekk vi til svar at dei brukte eit system som baserer seg på å geotagge leveringspunkta (Geotagging er eit system der du puttar inn ei gateadresse, og får ut att eit sett GPS-koordinatar, som så kan plottast på eit kart, journ.mrk.).

– Etter kvart oppdaga vi jo at dette berre fungerer dersom abonnenten har ei gateadresse.

– Men korleis skal dei då finne abonnentar som ikkje har gateadresse?

– Nei, det har jo vist seg dei siste to laurdagane, at det fungerer ikkje i det heile tatt, det. Vi ser jo det, for ein håplaus jobb det er å finne fram. Sletholt meiner departementet har gjort ein altfor dårleg jobb i samband med at laurdagsomberinga vart overført til ein ny distributør:

– Den store feilen Samferdselsdepartementet har gjort, er at dei ikkje sørgde for noko overføring av kompetanse frå dei som hadde oppdraget før, til dei som overtok det. Dette har vi etterspurt i fleire rundar. – Har du tru på at dette vil kunne betre seg? – At dette vil kunne betre seg litt over tid, trur eg nok. Men tolmodet hos abonnentane er jo oppbrukt allereie, så det rår ei krisestemning i veldig mange av avisene våre.

– Kor mange av Amedia sine aviser vart ikkje levert ut sist helg?

– Vi veit jo ikkje det, ein gang! Det er jo også eit problem, at vi får ikkje nokon rapport frå Kvikkas om dei områda dei ikkje har klart å levere til. Vi må basere oss på dei kundane som har klart å rapportere til oss, så her veit vi at det er store mørketal.

Ap: Skandaløst

– Er det mogleg? Dette er jo skandaløst! Dette er verkeleg slett arbeid, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

– Ein skulle jo forvente at Samferdselsdepartementet var ein profesjonell part som tok inn kvalitetsmål i ei kontrakt, i alle fall når ein ser dette i eit litt historisk perspektiv, meiner Heggø.

Sveinung Rotevatn, Venstre.

Sveinung Rotevatn, Venstre. Foto:

– Vi veit jo at det var ein veldig diskusjon om innføringa av postdirektivet som tillèt privatisering av posttenester. Når du har det bakteppet, og du så trumfar gjennom privatisering av eit tilbod Posten har handtert godt i alle år, så bør ein i alle fall tenke seg grundig om før ein set i gang arbeidet, så resultatet blir så glitrande som mogleg.

Heggø håpar dette skrekkeksempelet blir ein augeopnar for mannen i gata:

– Det viser seg det vi har sagt mange ganger, at privatisering treng ikkje bety at ei teneste blir betre.

Venstre: – Større og større belastning

– Det er ingen tvil om at det er mange som er forbanna for at dei ikkje har fått avisene sine. Det skjønar eg veldig godt. Folk skal ha avisa si, og det var og den utvetydige bestillinga frå Stortinget då dette vart vedteke, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).  

– For kvar lørdag som går med dette rotet blir dette ei større og større belastning. Så her må det ryddast opp, seier Rotevatn.

Senterpartiet: – Dei skuldar på alle andre

– Eg syns det er ganske oppsiktsvekkande at samferdselsministeren skulda på alle andre, då min kollega Heidi Greni stilte han spørsmål om laurdagsavisene i Stortingets spørjetime, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

– Først sa han at det var avisene sjølve som ikkje hadde gjort jobben sin, så at distributøren ikkje hadde gjort jobben sin, det var alle andre. Eg meiner departementet må sjå nærare på kva vilkår dei har stilt til distributøren – om dei har stilt nokon, då, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete, Sp.

Liv Signe Navarsete, Sp. Foto:

– Eg høyrer han (Solvik-Olsen) snakkar om at nokre avisers adresselister ikkje var gode nok, og det kan det sikkert finnast døme på, men det er jo rart at det plutseleg vart eit problem no, når det ikkje har vore det før, seier Navarsete.

Ho er oppgitt over aviskaoset, men ikkje overraska:

– Dette har jo Sp åtvara mot heilt frå første gong det vart diskutert. Men dette er ei sak som viser kor håplaust det er å privatisere offentleg verksemd, sjølv ei så enkel sak som det å levere ut ei avis.

Høgre: Skal levere hundre prosent

– Når det står at «Avisene skal være levert innan klokka 1700», så tolkar eg det slik at hundre prosent av avisene skal være levert, ellers er ikkje jobben gjort, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

– Eg meiner dette er for dårleg, og eg forventar at Kvikkas og alle som er involvert ryddar opp, og at det blir slik det var meint at det skulle vere, og at folk får dei avisene dei har betalt for, seier Lødemel.

Solvik-Olsen: Misforståelser om krav

– Selvsagt har staten krav til leveringskvalitet når vi kjøper tjenester, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

– Kvikkas har en kontrakt med departementet der selskapet forplikter seg til å sørge for avisdistribusjon til adresser i sitt dekningsområde. Alle eksemplarer som blir innlevert til Kvikkas for distribuering til abonnenter i Kvikkas' dekningsområde, skal etter kontraktens punkt 5 utleveres hver lørdag innen klokken 17. Dette er et krav til leveringskvalitet. Videre finnes i det kontraktens punkt 7 krav til leveringsvilkårene som Kvikkas skal tilby avisene, forteller Solvik-Olsen som sier han har forståelse for den irritasjonen som har kommet fram.

– Vi har full forståelse for at abonnenter blir irriterte når avisa de har betalt for, ikke ligger i postkassa. Jeg forstår utmerket godt at dette også er vondt for redaksjonene som har problemer, forsikrer samferdselsministeren.

Han legger til at den tredje lørdagen i november leverte Kvikkas om lag 95 prosent av avisene som selskapet mottok til riktig adresse. Forbedringen var på hele 11 prosentpoeng fra første lørdag i november.

(ANB)

Artikkeltags