Gå til sidens hovedinnhold

Ser vi barna i nabolaget no?

Artikkelen er over 1 år gammel

Anne Marit Godal ønsker dobbel innsats for folkehelsa i disse hjemmekontortidier: – Klarer vi å få auge på eit barn som har det vanskeleg, då kan vi gjere ein innsats for folkehelsa på meir enn eitt vis.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er ikkje lett å bli sett om dagen. Gatene er stille ute. Vi veit at alle barn er heime og det fossar inn med framlegg til aktivitetar foreldre kan gjere med ungane. Men vi veit også noko meir alvorleg: Det er ikkje alle foreldre som brettar opp erma og sett i gang med skulehjelp, ekstra matlaging, samtalar om stort og smått, leik og moro ...

Veldig mange barn får ikkje nok omsorg til vanleg. Barn med foreldre som har nok med seg og sitt. Foreldre med psykiske utfordringar. Foreldre som tyr til rus eller til vald. Etter å ha latt vere å handle så lenge som mogleg, gjekk eg til butikken i dag. Då såg eg nokre barn mellom hyllene – barn som brøyt alle nye reglar for avstand og handhygiene. Irritert tenkte eg: Kor er foreldra? Hadde dei ikkje fortald barna korleis dei skal delta i dugnaden no?

Så slo det meg: Dei har kanskje ikkje det! Og eg kom på ein morgon for lenge sia då eg støtte på ein sjuåring som handla loff og jus for å ta med seg heim. Ho var i klassen til barnet mitt, så eg våga helse og å stille nokre enkle spørsmål. Svara bekymra meg og eg melde det til læraren. Nokre månader seinare var det som synte seg å vere ein omsorgssvikt over – ho fekk flytte til faren sin i staden.

Barna eg såg i butikken i dag kjenner eg ikkje, men dei har også lærarar og dei har naboar. Eg vonar læraren der heimefrå vågar å bry seg så direkte som mogleg. At helsesøster tar mange ekstra telefonar no. At dei har låg terskel for å varsle barnevernet. At barnevernet har nok ressursar i desse koronatider. Men så vonar eg også at alle vi andre tar ekstra ansvar. For alle desse barna har naboar! No har dei også heimeverande nabokjerringar og nabogubbar som kan bry seg på den gode måten.

Vi kan alle kikke ekstra etter dersom vi anar at nokon kan ha bruk for hjelp. Det kan gjelde eldre som treng støtte, det kan vere dei som bur aleine. Men det gjeld også barna i familiar bak dører der vi kanskje aner, eller kanskje ikkje veit, at det er ugler i mosen.

I desse heimekontordagar har vi nemlig også sjansen til å vere ekstra til stades der vi bur. Sjå oss betre omkring. Vi kan seie eit «hei» for mykje heller enn eitt for lite – også til barna ... Slå av ein liten prat med den vesle sjela som leikar aleine ute, eller den lutrygga jenta med øyreklokker som tuslar forbi heile tida? Prøve å bli kjend.

Det fell seg på mange vis meir naturleg no som vi alle tar dugnadsansvar for folkehelsa. Klarer vi i desse heimedagane å få auge på eit barn som har det vanskeleg, då kan vi gjere ein innsats for folkehelsa på meir enn eitt vis.

Les også

Her er gladnyheten til alle barn: – JA, dere kan ha én eller to lekevenner i koronatiden

Kommentarer til denne saken