Gå til sidens hovedinnhold

Schou rir ideologiske kjepphestar i debatten om Nye Veier

«Ja, Schou, det er slik at når ein ynskjer å representere eit parti og eit valdistrikt på Stortinget så skal du ha auge for det aller meste. Inkludert eit blikk på det som står i vegen for dine eigne ideologiske kjepphestar.»

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I eit innlegg i Fredriksstad Blad den 30. januar hevda Ingjerd Schou at Nye Veier AS hadde spart samfunnet for 59 milliardar i reduserte kostnadar og auka nytte så langt.

Ein drøy månad seinare modererer Ingjerd Schou seg. I eit nytt innlegg publisert den 1. mars viser det seg at dei 59 milliardane ikkje er reduserte kostnadar og auka nytte for Nye Veier AS så langt, men framskrivingar av det som Nye Veier AS hevdar kan bli kostnadsreduksjonar og nytteauke på deira prosjekt fram til 2033. Nytteauke er ein måte å setta ein sum i kroner på kva effekt eit offentleg tiltak har, men dette er ikkje det det same som faktiske pengar som kan nyttast til velferd som skule, barnehagar og sjukeheimar.

Les også

Schous katastrofe for veibygging er regjeringens politikk for jernbane

Schou hevdar i sitt ferskaste innlegg at Nye Veier AS har spart 19 prosent på dei tre første utbyggingsprosjekta dei har gjennomført samanlikna med nullestimatet. Om dette stemmer er det flott, men ein kan jo stille spørsmål ved kvifor Høgre er så kritiske til at dei fire LO-forbunda Fellesforbundet, NTL, FLT, NAF og Arbeidarpartiet vil ha ei evaluering av Nye Veier AS for å identifisere og dokumentere eventuelle læringspunkt.

Schou stiller vidare spørsmål ved at Arbeidarpartiet ikkje vil privatisere vegsektoren, sidan det er vegen og resultatet som er det viktigaste for Høgre. At den politiske styringa vert svekka ved utskilling av statlege AS, er nok berre ei pølse i slaktetida. Rosina i pølsa for partiet som gjekk til val på sikkerheit og beredskap, er kanskje derimot den ferske rapporten frå Politiet si sikkerheitsteneste (PST). Her åtvarar PST mot at framande statar kan kjøpe norske eigedomar, verksemder og naturressursar for å få innflytelse over norske avgjersler og prioriteringar.

I rapporten står det at «dersom deler av drift og utvikling i norsk infrastruktur og nøkkelvirksomheter blir prisgitt andre lands politiske prioriteringer, vil Norge være sårbare for påvirkning og press». Å skilje ut eit statleg AS er eit steg på vegen. Det er mogleg at det er meir enn ideologi som gjer til at Arbeidarpartiet er kritiske til å privatisere utbygging, drift og vedlikehald av kritisk infrastruktur.

Arbeidarpartiet sin 1.-kandidat til Stortinget for Østfold, Jon-Ivar Nygård, stadfesta i eit innlegg den 18. februar at Arbeidarpartiet ynskjer å ta vare på dei tilsette, samt styrka kompetanse og handlingsrom i Statens vegvesen. Arbeidarpartiet vil også redusera konsulentbruk. Nygård viser til at Arbeidarpartiet framleis har som mål å evaluere erfaringane med oppsplittinga av vegsektoren og etableringa av Nye Veier AS. Dette er eit syn me i NTL Veg applauderer.

Og til slutt. Ja, Schou, det er slik at når ein ynskjer å representere eit parti og eit valdistrikt på Stortinget så skal du ha auge for det aller meste. Inkludert eit blikk på det som står i vegen for dine eigne ideologiske kjepphestar.

Kommentarer til denne saken