Gå til sidens hovedinnhold

Samferdselsminister for heile landet

Artikkelen er over 1 år gammel

– Eg må sjå på heilskapen – anten det er i nord, sør, aust eller vest, skriver samferdselsminister Jon Georg Dale i dette svaret til ordfører Jon-Ivar Nygård som spurte om Dale er samferdselsminister bare for Vestlandet.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Regjeringa har auka løyvingane til jernbane med om lag 80 prosent etter regjeringsskiftet i 2013. En stor del av desse skattepengane går til jernbaneutbygging på Austlandet, mellom anna 30 milliardar kroner til Follobanen, 10 milliardar kroner til dobbeltspor gjennom Moss og 15 milliardar kroner til to prosjekt på Vestfoldbanen.

Eg undrar meg difor over at Fredrikstad-ordførar Jon-Ivar Nygård (Ap) stiller spørsmål ved om eg prioriterer prosjekt på Vestlandet framfor Austlandet (Fredriksstad Blad, 14. januar). Eg prioriterer heile landet.

Eg prioriterer heile landet.

Eg kan forsikre østfoldingane om at regjeringa framleis har som ambisjon å realisere eit togtilbod med fire tog i timen til Fredrikstad og to til Sarpsborg. Men når kostnadene for delar av Østfoldbanen aukar frå 20 til om lag 60 milliardar kroner – altså med 200 prosent –må vi sjå på kva for justeringar vi kan gjere for å få kontroll på prosjektet før bygging startar. For prioriterte prosjekt i dei to siste nasjonale transportplanane har kostnadsauken frå tidleg planfase til investeringsløyving vore på 40 prosent for veg og 30 prosent for bane. Slik kan vi ikkje ha det. Vi må bli betre til å planleggje.

Eg må sjå på heilskapen – anten det er i nord, sør, aust eller vest. Eg er mellom anna oppteken av verdiskaping. Mykje av den eksportretta verksemda skjer i distrikta i vest. Der er det eit er stort behov for betre vegar, mellom anna for å styrkje konkurransekrafta til næringslivet. Det bør òg Nygård notere seg.

Les også

Schou (H) og Wiborg (Frp) innkaller til hastemøte på Stortinget etter nye jernbanetall: Ordførerne møter Jon Georg Dale onsdag

Les også

Ny Grønli stasjon i fare: Fredrikstad får to tog i timen ved å bygge Haug-Seut og beholde dagens stasjon

Kommentarer til denne saken