Avskaff gjerne sidemål

Magne Aasbrenn brenn for nynorsk, og likar dårleg kunnskapsministerens
forslag om å svekkje nynorskopplæringa.

Magne Aasbrenn brenn for nynorsk, og likar dårleg kunnskapsministerens forslag om å svekkje nynorskopplæringa.

Av

Karl Jørgen Marthinsen og Jørgen Skontorp seier ja, Martine Eriksen og Thea Lindalen eit rungande nei. 115 år etter Ivar Aasen er sidemålet enno eit heitt tema.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Fredriksstad Blad i en hel måned for KUN 1 kr!

Les denne artikkelen på bokmål her

Det gule oppslagsverket, som med nokre tusjstrekar gjerne blei omdøypt til «spynorsk mordliste», er blitt blå og heiter i dag «Escolas ordbok». Det tyder likevel ikkje at haldningane vidaregåande elevar har til det nynorske språket er særleg endra dei siste 30 åra.

Omfattande

Derfor jublar òg Martine Eriksen (18) og Thea Lindalen (18) når kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer å tone ned satsinga på sidemålet blant anna ved å redusere mengda av standpunktkarakterar frå tre til to i ungdomsskolen og vidaregåande, og dessutan sørgje for at elevar på ungdomstrinnet slepp eigen eksamensdag i skriftleg sidemål. Argumentet til kunnskapsministeren er, etter det Dagsavisen skriv, at norskfaget har blitt altfor omfattande og arbeidskrevjande.

– Eg ser ikkje poenget med at vi her nede i Østfold skal ha sidemål på timeplanen.
Spesielt ikkje når det er så mange som slit med hovudmål. Då er det betre dei får bruke tida til å lære seg det skikkeleg. Det er jo trass i alt det språket vi brukar, slår Thea fast.

– Hadde det vore opp til meg, avskaffa vi sidemålet, legg ho til.

Kult med nynorsk

Karl Jørgen Martinsen og Jørgen Skontorp er av ei litt anna oppfatning. Sjølv om dei støttar forslaget om å tone ned nynorsksatsinga, har dei
ikkje noko ønske om at sidemålet forsvinn heilt.

– Eg synest nynorsk er kult og ein viktig del av opplæringa. Men reint praktisk har det liten verdi, seier Karl Jørgen Marthinsen, som i likskap med Jørgen Skontorp, er fullt klår over at han er ganske så aleine om å meine dette. Argumentet om at hovudmålet blir skadelidande fordi nynorsk er ein del av pensum, fell på steingrunn blant desse gutane.

– Forsking viser at dei som har obligatorisk sidemål utviklar eit betre språkøre, konstaterer Jørgen, som kan avsløre at han er innehavar av ein nynorsk Facebookprofil, der «poke» blir kalla «dult» og «status» heiter «Kva har du på hjartet?».

– Grunnen til at eg likar nynorsk, er fordi det er eit mykje penare språk enn bokmål, som er basert på det grelle danske språket, føyer han til. Samde er likevel alle fire om at nynorskundervisninga godt kunne blitt sprita opp litt.

– Det er lagt opp så døvt. Først og fremst fordi det stort sett berre blir undervist i grammatikk. Ein blir ikkje motivert når læraren kjem inn i klasserommet med ordboka under armen og ein veit at dei neste timen berre består av bøying av verb og pugging av ord, seier Jørgen.

Kulturarv

Sidemålsforkjempar Magne Aasbrenn, som meiner at nynorsk er rock’n roll og grovbrødet i det norske  kosthaldet, er samd i at undervisinga med hell kan gjerast meir interessant. Men skriveria om at nynorskundervisninga skal svekkjast, likar han ikkje.

(Saka fortset under biletet)

DELTE MENINGAR: Thea Lindalen (til venstre) og Martine Eriksen jublar over at det kan bli
ein mindre omfattande nynorskeksamen på vidaregåande. Jørgen Skontorp (framme til
venstre) og Karl Jørgen Marthinsen synest forslaget er greitt, men støttar på ingen
måte avskaffinga av sidemålet. ALLE FOTO: ERIK HAGEN



– Eg brukar å seie at nynorsk er min hijab. Med det meiner eg at det er det rare, kulturelle plagget ingen skjønner kvifor eg går med. Han er ein del av bakgrunnen min, seier han smilande.

– Tek ein bort nynorsken gjer ein òg den norske kulturen til eit lett bytte for det engelske språket. I ei global tid er engelsk det viktigaste språket å lære, men vi må òg ha noko eige. Det er synd å sjå at i motsetnad til innvandrarungdom, er norske ungdomar lite stolte av kulturen sin, seier Aasbrenn. At to skriftspråk fører til dårlegare norskkarakterer vil han ikkje vere med på.

– Sogn og Fjordane er eit godt døme på at det ikkje stemmer. Dei snakkar og skriv nynorsk, les bokmål i aviser og blad, og scorar høgast på dei nasjonale prøvene, opplyser han.

Kva tykkjest du om forslaget frå undervisningsministeren?
 

Artikkeltags