Nå må Facebook vise ansikt

Tegning: Robin A. Olsen

Tegning: Robin A. Olsen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Eg kjem til å dele dette innlegget på Facebooksida mi. Kanskje blir det sletta, kanskje blir eg kasta ut av Facebook, kanskje blir Facebook-sider eg styrer med, sletta? Kanskje blir vennene mine på desse sidene sletta? I så fall, so long, friends, skriver Magne Aasbrenn i denne kulturkommentaren.

DEL

Meninger

Om ein vil hjernevaske fangar, så er det éin teknikk som er ganske effektiv. Det er å la livet til fangane der dei sit i fangeholet, bli slik at dei har null kontroll på kva som skjer med dei. La alt vere usikkert og uregelmessig – når er neste måltid, når blir lyset slått på i cella, når blir det slått av? Ja, det er vakter der, men ingen av dei har noko med akkurat deg å gjere. Den som bestemmer over deg, møter du aldri. Du har inga makt.

Slik var situasjonen sist veke for Litteraturhuset i Fredrikstad og deira forhold til Facebook. Ein stor del av arbeidet der blir formidla gjennom dette sosiale mediet, men torsdag 20. april var det bom stopp. Plutseleg var Facebook-sida borte, og med i dragsuget gjekk den private Facebook-profilen til leiar Merete Lie og fire andre tilsette.

Som fangane i cella som plutseleg har fått lyset slått av, visste dei ikkje om det var noko dei sjølv hadde gjort, som var årsak til at dei sat der i mørket. Kanskje det var noko med foto-rettar, eller? Ikkje nok med at dei var kasta ut både med institusjon og privatliv, men det viste seg at det var umogleg å få vite kvifor det skjedde og kor lenge dei skulle vere utestengde. Etter fire døgn fekk Litteraturhuset vite av Facebooks salsorganisasjon her i Noreg at nokon i systemet skulle forsøke å finne ut av kva som hadde skjedd, men ingen dei spurde, kunne garantere nyopning. 25. april kom dei på nett igjen, utan forklaring.

I 1920-åra var det stor aksjon her i landet for å få eit eige norsk Gyldendal forlag. Dei store diktarane Ibsen, Lie og Bjørnson gav ut bøkene sine på dansk Gyldendal. Argumentasjonen den gongen var at dette var norsk litteratur, og han høyrde heime under norsk kontroll. Derfor heiter forlaget ennå Gyldendal Norsk Forlag.

I Fredrikstad har vi Medietilsynet. Dei held oppsyn med tradisjonelle kringkastingsselskap som sender frå Noreg. Men Medietilsynet for sosiale medium finst ikkje. Facebook, Instagram, Twitter, Snapchat –  heile hurven blir styrt frå utlandet utan norsk kontroll. – Ja, dei som har meldt seg på desse plattformene, har gjort det frivillig. Ein eller annan stad i dei uendelege brukarvilkåra står det sikkert at Facebook kan hive deg ut akkurat når dei vil. Problemet er makta Facebook har fått. Godt over tre millionar nordmenn viser ansikt på Facebook, men ansiktet til dei som styrer Facebook i Noreg, ser vi aldri.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs mållag

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs mållag

Akkurat som for fangane i holet hender det nokre gonger at dei skjulte styrarane av Facebook høyrer på dei i cella. Etter statsminister-press lytta dei til slutt til Aftenposten om napalm-biletet frå Vietnam. Men stort sett er det ikkje svar å få. Da Kulturnytt NRK laga innslag om Litteraturhus-problemet, takka Facebook nei til å møte i studio.

Den vilkårlege behandlinga av Litteraturhuset i Fredrikstad er det siste av mange eksempel som viser at det faktisk må bli eit politisk ansvar. Dette er enda mykje viktigare for demokrati og ytringsfridom i Noreg enn heimkjøpet av Gyldendal i si tid. Facebook må ha ein tilgjengeleg administrasjon i Noreg med personale som svarer på spørsmål og som brukarane i siste instans kan oppsøke og møte ansikt til ansikt. Eg vil sjå fjeset til Facebook-ansvarlege i tv-debattar og på bilete slik eg ser redaktørane i VG, Aftenposten og Fredriksstad Blad. Og la gjerne Medietilsynet i Nygata 4 passe på at store sosiale medium har slike ansvarlege her til lands.

Same type tema er det at Facebook ikkje betaler skatt i Noreg av reklameinntektene som kjem herifrå. Inntektene blir bokførte i Irland, der selskapet har det europeiske hovudkontoret og betaler skatt.

Det må bli slutt på å vere bondefanga av eit Facebook utan ansikt.

Så veit eg det er vanskeleg. Det digitale følger ikkje landegrensene, og det er sikkert noko EØS-regelverk ein stangar imot.  Men situasjonen nå, der makt og pengar fyk rett ut av landet – den kan vi ikkje akseptere.

Eg er sjølv Facebook-brukar og brukar nettsamfunnet masse for å halde kontakt med folk og fremme saker eg trur på. I utgangspunktet er Facebook ein god idé, men med gigantisk mediemakt følgjer også stort ansvar.

Eg kjem til å dele dette innlegget på Facebooksida mi. Kanskje blir det sletta, kanskje blir eg kasta ut av Facebook, kanskje blir Facebook-sider eg styrer med, sletta? Kanskje blir vennene mine på desse sidene sletta? I så fall, so long, friends – vi treffast igjen som venner utanfor cella. Døra står open, se.

Artikkeltags