Nok å ta av til Spårkprisen

Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerDet er ikkje alle som får oppleve den æra at dei blir opphav til ein pris. Det er slike folk som Ludvig Holberg (Holbergprisen), milliardæren Fred Kavli (Kavliprisen) – og så klart han derre dynamittoppfinnaren frå Sverige.

Sist veke blei forfattaren Ivo de Figueiredo med i den eksklusive klubben av pris-opphavsmenn, og det heilt ufrivillig. 1. november hadde Fredriksstad Blad eit oppslag med den kjekke tittelen «Nominert til Spårkprisen». Der var de Figueiredo avbilda og var altså ein av dei moglege vinnarane av Språkprisen for «fremragende bruk av norsk i sakprosa» som blir delt ut av Språkrådet. Det var berre det at den personen i Fredriksstad Blad som sjekka den sida før ho blei send til trykking, skulle ha sjekka ein gong til.

Da VG gossa seg med skrivefeilen, var det vanskeleg for redaktør Svendsen å sjå humoren først

 De Figueiredo tok det pent og meinte at den Spårkprisen til FB kunne det vore lidderlig fint å få. Da VG gossa seg med skrivefeilen, var det vanskeleg for redaktør Svendsen å sjå humoren først – men så har avisa funne ein utveg som gjer nederlag til triumf. Redaksjonen innbyr rett og slett alle lesarar til å nominere «språkleifer» til den lokale «Spårkprisen».

Les også: Fredriksstad Blad innfører Spårkprisen

 Her trur eg verkeleg vi kan håpe på ekte prisdryss, sjølv om det skal litt til å komme opp på nivået til lurvesleiven – unnskyld slurvefeilen – som starta ballet.

Men det er altså litt å ta av der ute. Ta Fredriksstad Blad dagen etter at prisen blei innstifta, for eksempel. Der stod det i ein ingress på side 3 at NMS Gjenbruk i Råde «flytter til nye lokaler og får hele 800 kvadratmeter å bolte seg på». I og med at det er snakk om bolting, tyder det i alle fall på at dei har tenkt å bli der i det gamle Remabygget ei god stund.

Les også: Når kjerringa er bitch

 I same papiravis skjønner vi at Mons Ivar Mjelde har tatt over æreskodeksen frå enkelte nye landsmenn. «Mjelde takket nei av familieære årsaker», stod det nemleg. Og annonsørane i Bla’ stiller òg til nominasjon til Spårkpris, i det siste fronta av ein teppebutikk i Dikeveien som har laga tømming over heilside etter heilside i det siste. Ja, for det står jo det med store, gule bokstavar: «LAGER TØMMING».

 Den typen feil er det som kallast særskrivingsfeil. Altså at norske skribentar plukkar opp engelsk skikk med å dele samansette ord i to der dei eigentleg skal henge saman. Klassikaren i den tradisjonen er «Tunfisk biter i boks».

  Ein annan type delingsfeil er den som oppstår ved ved linjeskift. «Offs-hore» gir for eksempel feil assosiasjonar. I Fredriksstad Blad 1. mars 2007 stod det «Asylgaten er envei-skjørt». (Ja, eg tar vare på desse tabbene og gløymer aldri!)

  Eit pussig ord er «oppsiktsvekkende», som får motsett betydning alt etter kor det blir delt ved linjeskift. «Oppsikt-svekkende» er det motsette av «oppsikts-vekkende».

Les også: Det er høl i gjerdet på Veum

  «Spårkprisen» høyrer nok meir til i den store kategorien slurvefeil. Der har det vore ein god del lokale klassikarar gjennom tidene. Demokraten har nokre gode eksempel, som «taktsmannen» og «Brynhild Gruppen strykes i Fredrikstad». I den siste er det forresten FIRE feil – fasit kjem til slutt i denne artikkelen.

Slurvefeil er på ein måte meir ærefulle enn feil som kjem av mangel på kunnskapar.

  Tilbake til Fredriksstad Blad igjen, i eit rettsreferat som handla om ei sak der ein mann hadde skadd sambuaren med å rispe med kniv, stod det «dømt for legemsfornærmelse under særdeles skjærende omstendigheter». Litt for sant til å bli sagt, kan du si…

  I ein artikkel om eit kamera som blei brukt under ein operasjon, stod det «Pasienten fikk miniatyrkameraten ned i spiserøret».

  Ja, og så var det den måndagen som var tung både for Fredriksstad Blad og FFK, og det stod over heile førstesida illustrert av FFK-spelarar med hue i henda: «Blåmandag for rødbuskene»!

Slurvefeil er på ein måte meir ærefulle enn feil som kjem av mangel på kunnskapar. Sånn er det når bla’ene skriv om at ein må ta «visse forhåndsregler» og at nokon er «ildsinte» eller får «hjerneteppe». Her heiter det altså «forholdsregler», «illsint» og «jernteppe», men feila ser vi stadig, og det er kanskje fordi dei nye orda på sett og vis er betre enn dei gamle.

Les også: Ikke så ille farlig med nynorsken lenger: – Protestene har stilnet

 Så er det berre å følgje med framover og sende nominasjonane inn til redaksjonen i FB. I alle fall trur eg det skal litt til å slå klassikaren i Demokraten heilt tilbake i 1989. Da blei ein person som jobba i Gamlebyen intervjua om bydelen. «Gamlebyen er ikke bare boller og wienerbrød,» stod det i avisa da. Dagen etter kom rettinga på trykk. Det skulle stått: «Gamlebyen er ikke bare voller og vindebro.» Alt tyder på at den journalisten var svolten.

FASIT: 1) «Brynild» (ingen h), 2) liten g i «gruppen» 3) Brynildgruppen (eitt ord) 4) styrkes

Artikkeltags