Nostalgi for den gamle Oslo-dialekta

Tegning: Robin A. Olsen

Tegning: Robin A. Olsen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerPå NRK-søndagane for tida er Lars Monsen, broren og en kamerat ute og padlar i villmarka. Det er ikkje alltid Monsen snakkar konsekvent Oslo-dialekt, men likevel er det moro å høyre på språket hans. Han bruker uttrykk som å «forfløtte» seg, og seier at padlinga er «et eventyr som får’e til å kile voldsomt i magan».

 I 2000 var eg på eit foredrag med nynorsk-forfattaren Kjartan Fløgstad. Da blei eg overraska over svaret da han blei spurd om den finaste dialekta i landet.

 – Det synest eg er den gamle Oslo-dialekta, svarte han da. Og han har eit poeng.
 For Oslo har – eller hadde – ei eiga dialekt.
Da hovudstaden blei industrialisert, blei denne dialekta assosiert med arbeidarklassen. Dei hadde ein annan måte å snakke på enn den som rådde i høgare sosiale lag. Der var regelen «dannet dagligtale», ein uttale som oppstod da overklassen i dansketida prøvde å ape etter dansk skrift når dei snakka.
Etter 2. verdskrig blei mange av dei opphavlege industriarbeidar-stroka på Østkanten sanerte, og det gjekk hardt utover dialekta. Det finst ei vakker vise om det som skjedde, den som handlar om «Gamle Enerhaugen» på Grønland:

«Hagan er grønn
Maja er grå
Det kveldes på Enerhaugen»

Bandet Bjølsen Valsemølle med Trond Ingebrigtsen følgde opp den same nostalgiske tonen i songen «Vaterlands bru» i 1985:

«Alle har sine røtter, har ei gate dem kan kalle si
Noen skjælver for morrada’n, det blåser en kaldere vind
Øystein og unga er borte, forfallet herjer i vår gård
Det blåser kaldt fra parkeringshuset, som sto ferdig nå i vår.»

Ja, mangt har skjedd på Oslo Øst sidan Lars Monsen voks opp. Store innvandrargrupper har komme inn med sitt språkmangfald, samtidig som den «dannede dagligtalen» har breia seg. I media kan det verke som om det nesten berre er narkomane og huslause nå for tida som brukar former som «frøys», «finni» og «skreiv» og kallar damer for «hu». Det er eit kulturtap.


 På mange vis har Østkant-dialekta eller «Vika-målet» masse felles med østfoldmåla. Desse dialektene har noko kontant og ujålete over seg; eit språk som verken er parfymert eller går med slips. Målføra har òg mykje felles reint språkleg, for eksempel tjukk l, tre kjønn i substantiv og former som «gammal» og «samma». Der bokmål har «husker» og nynorsk har «hugsar», bruker Oslo-dialekta «huser» i uttalen, og vi bruker «husær».


 Men forskjellar er det også. I 1982 jobba eg som postmann i Oslo og var med i eit lag på fire som hekka inn (altså sorterte) og gjekk med omdeling i hovudstaden. I brevpostsenteret på bånn av Postgirobygget, var det Oslo-målet som rådde, og eg skilde meg ut fordi eg sa «røk» der dei sa «røyk».


Magne Aasbrenn,leiar i Noregs Mållag,  er en av FBs faste kuturspaltister.

Magne Aasbrenn,leiar i Noregs Mållag, er en av FBs faste kuturspaltister. Foto:

I ei opprydding blant arva bøker har eg komme over ei perle frå 1959 som har plenty eksempel på det gamle Oslo-målet. Boka heiter «Drevne karer og viltre jenter på strøket» og er skriven av Egil Lian. Personane i historiene der er  småkriminelle luringar som har Oslo-tonen inne. Ta for eksempel «Skjelettet» og «Terningen» som lagar heimebrent, men er plaga av ei nysgjerrig nabokjerring. «Du skulle sett åssen ‘a glante, sier Skjelettet, –  hu målte meg nedenfra og helt opp, og så forsøkte hu å se gjennom pakkenellikene mine.» «Jeg har ‘a under kontroll, jeg, Skjelettet, både henne og polti,» svarer Terningen da.
  Det er nemleg sånn at Terningen driv med avlytting av politiradioen. Så han får vite i tide at purken er på veg. Da seier han berre: «Ta det rolig ‘a gett, få ikke pannikk!»  Så ryddar dei vekk utstyret.

Det er eit språk med trøkk (særleg på første staving i orda), og ein får håpe det ikkje blir borte heilt. Lars Monsen gjer i alle fall sitt. Elles veit eg om fleire godt utdanna Oslo-ungdommar nå som er glade i dette språket. Blant anna har ein 26-åring frå Holmlia som heiter Vegard Storsul Opdahl, laga ei lita oversikt over grammatikk og lydlære.
  Opdahl peiker på fleire viktige skilje mellom Oslo Vest og Østkanten. Når Oslo Vest har «sen, brøt og skrev» har Østkanten «sein, brøyt og skreiv». På Vestkanten heiter det «bryte-bryter-brøt-har brutt», på Østkanten «bryte-bryter-brøyt-har bryti». Og så vidare.


Ei trøyst for austkantmål-entusiastar er det kanskje at ei bøyingsform har slått rot i standardspråket. Det ser ein når FB skriv «det gikk trått for FFK-gutta i dag». Eigentleg brukar jo vi her «guttane/guttæne», da, men Oslo Øst-kidsa sliter, så vi får kanskje gi’rem den!

Artikkeltags