Gå til sidens hovedinnhold

Kvifor oppmoda til lysforureining, FB?

«Kan ikkje Fredriksstad Blad istaden oppmoda oss alle å senda inn bilete av pynta julehus med minst muleg lyssetting? Det er meir framtidsretta og bærekraftig.»

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fredriksstad Blad oppfordrar oss til å senda inn bilete av julehuset vårt; underforstått hus som er pynta med ein masse lys. Men er det så lurt å oppmoda til auka lyssetting av byen vår? (Pynting kan sjølvsagt gjerast utan lys, men dei fleste som pynter husa sine gjer det med fargerike lyssettingar.)

Kva er konsekvensane av alt for mykje lys, også kalla lysforureining? Forskarar åtvarer om at kunstig lys om natta kan ha store konsekvensar for innsekter og dyr. Nedgangen i talet på insekter er ein trusel for økosystemet over heile vera. For mykje lys må ta ein del av skulda for dette – og sidan vi veit av mykje av matvareproduksjonen er avhengig av insekter er det betenkeleg at vi ikkje begrensar lysettinga, spesielt i byane. Ein fjerdedel av verda er i dag dekka av kunstig lys – og det er vi i den rike delen av verda som står for storparten av dette. Kunstig lys bør avgrensast til der det trengst om natta.

Les også

Anita (62) sparer ikke på noe når hun skal pynte til jul – se dette julehuset!

Også media har sett fokus på problemet og åtvarar til dømes mot opplyste tre, buskar og husvegger i mørketida. Koronautbrotet har desverre forsterka tendensen til auka lyssetting. Fleire snakkar no om ei lovgiving som regulerer utelys der nattemørkret og biologisk mangfald blir tatt hensyn til.

Kan ikkje Fredriksstad Blad istaden oppmoda oss alle å senda inn bilete av pynta julehus med minst muleg lyssetting? Det er meir framtidsretta og bærekraftig.

Les også

Ikke rart at lyset får en viktig betydning i en ellers mørk årstid

Kommentarer til denne saken