Skråblikk Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger.
Fotballen har levert mange ord og uttrykk til språket, for eksempel når vi seier at nokon kjem med eit «sleivspark» i ein diskusjon, eller når den som ikkje deltar i diskusjonen står «på sidelinja». To som samarbeider godt, blir kalla eit «radarpar».
Fotball-VM innfører også nye ord og uttrykk til språket. «Vuvuzela» var ikkje eit ord på norsk før det irriterande blåse-hornet dominerte publikumslyden under fotball-VM i Sør-Afrika i 2010.
VM i Russland har nå berre to kampar igjen, men dette arrangementet ser òg ut til å etterlate seg eit uttrykk som vil leve vidare. Berre at denne gongen er det ikkje eit verbalt ord på vanleg måte, det er eit kroppsspråkleg symbol.
Kroppsspråk er viktig. Dei som har forska på det, meiner at 55 % av kommunikasjonen vi sender ut, er kroppsspråk. Ansikt, armar og bein er i bruk bevisst eller ubevisst til å vise følelsar eller som illustrasjon til dei vanlege orda vi brukar. I blant seier kroppen éin ting og orda det motsette. Da trur vi automatisk på kroppen, for det er vanskelegare å lyge med kroppsspråk (merk deg den, Neymar!).
Det er ei spesiell gruppe teikn som har mest til felles med vanlege ord. Det er dei som på fagspråk bli kalla emblem. Tenk på teiknet «tommel opp» – det betyr det same som om vi ville sagt «Bra». Om du viftar fram og tilbake med handflata, betyr det «ha det». Emblema har òg det felles med vanlege ord at dei kan bety ulike ting på ulike språk. Å lage ein ring med tommel og peikefinger kan bety «perfekt» i USA, «pengar» i Japan og er eit stygt ord i Argentina.
Etter fotball-VM i Russland har kloden fått eit nytt emblem. Det er VAR-teiknet. Dommaren teiknar ein firkant i lufta framfor seg med begge hender. Det betyr at han er usikker på det som akkurat skjedde på banen, og at han gjerne vil sjekke det på nytt ved å sjå det på ein skjerm. VAR betyr «video assistant referee» I eit rom langt frå banen sit eit utval VAR-dommarar og studerer det som skjer i kampen frå alle moglege vinklar. Da ser dei at den dytten faktisk var utanfor 16-meter-streken, for eksempel.
VAR-bevegelsen har på det viset fått den same betydninga som refrenget i ein barnesong av Lillebjørn Nilsen: «Jeg tror de’kke før jeg får se det.»
Det forundrar meg ikkje om VAR-teiknet etter VM begynner å komme i bruk om andre ting enn det som skjer på fotballbanen. Tenk for eksempel på når tannlegen spør om du bruker tanntråd, og du i stolen svarer «jepp». Da gjer tannlegen VAR-bevegelsen og går mot ein skjerm. Eller når dørvakta utanfor restauranten spør ein litt ustø person i køen om kor mange øl han har drukke før på kvelden, og påstanden er «Berre eit par». Da er VAR-firkanten svaret frå dørvakta, og han i køen skjønner meldinga.
Ja, det var faktisk sånn at da Gud spurde Eva om ho hadde smakt på eplet, så rista Eva kraftig på hovudet og sa nei, men Gud gjorde VAR-bevegelsen og gjekk mot ein skjerm…
I alle fall, om du møter ein tyskar nå etter VM, pass på: «Do not mention the VAR!»