Adventskalenderen er 70 år og har begynt å skeie ut lite grann

Tegning: Robin A. Olsen

Tegning: Robin A. Olsen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

SkråblikkI dag er det 1. desember, og små og store tar fram adventskalendrane sine. Minstemann ventar seg den første harde pakka i pakkekalenderen på kjøkkenet, og storesøster går i gang med sminkekalenderen frå BeautyHeaven. Ho mor gjer første klikk på Jorids online strikkekalender og lastar opp bilde av votten ho strikkar på, men kva gjer han far?

Jo, han far gleder seg til kvelden da han kan opne luke 1 i adventskalenderen frå Ølgaarden i Gamlebyen. Den kalenderen er rett og slett ei pappkasse med bilde av snømann, elg, bjørn, nisse, pingvin og hare utanpå – og 24 forskjellige ølboksar og ølflasker inni.

I år er det akkurat 70 år sidan den første, trykte norske julekalenderen kom i bruk. Den blei gitt ut av Norsk Speiderpikeforbund, og det første året var luke 1 på 30. november, som var 1. søndag i advent. Året etter begynte kalenderen på 1. desember. Det er berre å slå fast at adventskalenderen er ein 70-åring utan hemningar og utanfor all kontroll. Poenget i 1947 var uskyldig, nemleg å få inn pengar til speidarjentene, men ingen ante at her starta snøballen å rulle fram mot ørten TV-seriar og Flax-skrapekalenderen 2017 med 750 000 i toppgevinst. 

Sånn sett har tradisjonen bevega seg eit godt stykke frå utgangspunktet for ordet advent, som kjem av «Adventus Domini» og betyr «Herrens komme». Poenget var i si tid at ein skulle drive nedteljing mot julekvelden, da hovudpersonen etter kristen tradisjon blei fødd. Den første trykte adventskalenderen i Tyskland i 1904 tok det innhaldet på alvor med teikning frå bibelhistoria, og han var retta mot barn. Etterpå har det altså sklidd ut.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag


  

Også foreiningslivet i Fredrikstad har gjennom tidene skaffa seg inntekter frå adventskalendrar med medlemmene som salsagentar. I ei årrekke fekk familien min bunkevis med kalendrar for sal for Fredrikstad Skiklubb. Fordi eg er ein ekstremt dårleg seljar, kjøpte eg regelmessig alle i min bunke sjølv. Det blei litt mykje med 10 luker kvar dag, men det hjelper alltid på humøret med eit bilde av Skihytta i snø.

Dei viktigaste adventskalendrane i mitt liv fekk eg for lenge sidan. Dei var kulørte papp-plater med luker du kunne pirke opp med neglene. Utanpå var det fine teikningar av juleting som juletre, snømann og nisse. Den daglege spenninga handla om kva slags bilde det var på innsida av luka. Kanskje det var ein snømann, ein nisse eller eit juletre, der òg? Det syntest vi var topp den gongen. Og så passa vi på å lokalisere det neste lukenummeret på plata sånn at vi visste kvar vi skulle dagen etter.

Skulle ein gjere noko litt ulovleg, så kunne ein halde kalenderen opp mot nattbordlampa for gjennomlysing og ane bilda som kom i dei neste lukene. Men det var juks. Så vi venta. Det het ikkje advent  for ingenting.

Kvart tiår utviklar ein type julekos som passar til akkurat det tiåret. Eller som Norsk Tipping skriv på nettsida si i 2017: «Flax-kalenderne er en like naturlig del av adventshyggen som gløgg, mandariner, levende lys og tindrende forventning.» Sånn har det blitt.

Skål!

Artikkeltags