Fredrikstad kommune skal snart sette namn på industriområdet som det private aksjeselskapet Viken Park bygger ut mellom Torp og Årum. Fredrikstad Mållag er opptatt av at vi får gode og treffande lokale stadnamn på stader det blir bygd nytt.
Derfor meiner vi kommunen må lytte til Språkrådet når dei seier at Viken park er eit ueigna namn på området, og det er tre grunnar til det:

Den første er at storfylket Viken er i ferd med å bli sletta av kartet, og det blir rart om eit område i Fredrikstad i framtida skal sitte igjen med namn etter eit fylke som ikkje finst lenger.

Det tar seg betre ut om namngivinga blir meir dekkande og nøktern.

Den andre er at sjølve forma «viken» verkar underleg. Sjølv om ho kan ha eit visst historisk grunnlag, er substantivet «vik» hokjønn i vanleg talemål i Fredrikstad – altså ville «vika» eventuelt passe betre enn «viken».

Sist, men ikkje minst, så er det jo ingen «park» som skal byggast. Ein park er ein stad prega av gras, blomar og tre, mens utbygginga på Østsida heilt tydeleg blir eit industriområde. Fredrikstad Mållag er einige med Språkrådet i at for eksempel Torp næringspark er eit mykje betre namn, eller Tofteberg industripark, som er det alternativet som har fått flest stemmer i den uhøgtidlege avstemminga til Fredriksstad Blad.

Red. anm: Det er fortsatt åpent for å stemme, ved å stemme får du se resultatet.

I det heile tatt synest Fredrikstad Mållag at det er greitt «å kalle ein spade for ein spade» når nye stadnamn skal lagast i byen. Det er lett å gi kompakte blokkområde romantiske namn som «tun», «hage» eller nå «park», men det tar seg betre ut om namngivinga blir meir dekkande og nøktern.