For meg har det vore viktig å gjere det som fyller livet med meining når eg har skulle bygge opp igjen eit liv, som kjentes som om det var borte.

Derfor har eg brukt tid på å vere leiar i Støttegruppen etter 22. juli i Østfold, sidan 2013. Vi opplever at det er bruk for oss. Vi kan veileie og gje råd når vi blir spurt. Vi gir informasjon. Vi samlast for å kunne vere saman med andre likemenn. Det er ein arena kor vi kan senke skuldrene og vere heilt oss sjølve, fordi der er menneska som forstår korleis det er å vere ramma av terror. Vi er saman alle, både overlevande, pårørande, etterlatne foreldre, søsken, venner og familie. Eller vi samlast i spesifikke grupper, alt ettersom behovet er. Vi opplever også at fleire som ikkje har hatt kontakt med oss gjennom alle desse åra, dei siste par åra har tatt kontakt.

Eg har også halde foredrag om det å oppleve ei stor krise, og om korleis vegen tilbake til eit normalisert liv kan vere, rundt i heile Norden.

Eg brukar medvite ordet terrorhandling. Det gjer eg, fordi eg har lagt merke til at terroren 22. juli stadig oftare blir omtalt som ein «hendelse». For meg blir det ikkje riktig. Då ufarleggjer vi det som skjedde den dagen. Vi gjer det mindre skremmande og mindre brutalt. Eg har høyrt utallege historier og eg har sett bileta frå alle plassane på øya kor menneske låg drepne. Ja, det var brutalt, det var skremmande. Og vi har alle sett bileta frå regjeringskvartalet. Det er bilete vi aldri vil gløyme.

Har vi turt å ta dei samtalane som trengst om kva slags ideologi som låg bak terroren, eller har samtalane stilna? Stilna dei i at vi skulle møte hat med kjærleik og verdighet? Har dei stilna i frykt for å bli skulda for å bruke Utøya-kortet? Stilna dei, fordi at vi som stiller kritiske spørsmål, eller ønskjer at høgreekstremisme må komme ordentleg inn i samfunnsdiskusjonen, får sendt hatmeldingar på SMS og MSN? Stilna dei, fordi vi får dei stygge orda om vi vågar å ytre oss i kommentarfelta?

Dei er mange dei som sympatiserer med Behring Breivik. Fleire gøymer seg bak at dei eigentleg ikkje støttar handlingane hans, men at det han står for gir meining. Vi kan ikkje slutte å snakke om at 22. juli-terroren var eit åtak på Arbeiderpartiet og AUF. Det ar eit åtak på eit av dei partia som står for mangfald, likestilling, fellesskap og solidaritet. Og som på den tida sat med regjeringsmakta. Vi ser at hatet mot desse verdiane lever. Hatet lever gjennom demonstrasjonar i gatene våre og det florerer som kommentarar på debattinnlegg og i ulike nettforum.

Aldri meir 22. juli har vi sagt i alle år etter terroren. Vi gjekk i rosetog og vi song «Barn av regnbuen». Det var fint og vi sto saman som nasjon. Likevel, i 2019 opplevde vi på nytt at ein ung norsk mann utførte eit terroråtak. Han var driven av høgreekstremisme og drap dattera til kona til faren sin, fordi ho hadde «feil» hudfarge og han angreip Al-Noor-Moskeen.

Korleis kan slikt skje og korleis kan vi unngå at det skjer igjen? Vi må snakke om det rundt middagsbordet. Vi må snakke om det blant venner og på arbeidsplassen. Vi må snakke om det i skolen og i samfunnsdebatten. Det er ikkje nok berre å snakke. Vi må omfamne mangfaldet i samfunnet vårt. Vi har alle eit ansvar.

Les også

Tårene rant store deler av filmen fordi jeg var med Andrine den siste timen hun levde. Slik kjente jeg det

Andrine vaks opp i eit fleirkulturelt og mangfaldig nærmiljø. Ho tenkte aldri på kva fagre vennene hennar hadde på huda, kven menneske forelska seg i eller kva slags religion dei trudde på. Det var menneske ho var glad i og som var glad i henne. Då eg skulle spise med pinnar første gong, lo ho godt og rista oppgitt på hovudet over mamma som ikkje fiksa det: «Du gjør bare sånn, mamma» Så viste ho meg det. Det lærte ho som lita jente, etter å ha spist utallege måltid hos den vietnamesiske venninna si.

Andrine vil alltid leve i hjartet mitt og eg er takknemleg for engasjementet ho hadde.

Eg skuldar henne å snakke om det som var viktig for henne og dei andre som var på leir 22. juli for ti år sidan. Eg skuldar henne å stå opp for verdiane ho hadde, fordi det framleis er like viktig i samfunnet vårt, om ikkje endå meir viktig.