Fekk du med deg kva Erna Solberg tenkjer om folk som no slit med å få pengane til å rekkje til? Ho svarte: «Det er jo krevande. Men så er spørsmålet: Hadde dei eigentleg råd til det før?» Som om det er viktig når du falt av kjøpelasset! Sånn tenkjer ikkje arbeidarpartifolk. Vårt svar er at alle har rett til ei inntekt å leve av!

Ap blei etablert av folk som hadde lite å rutte med. Å ikkje sløse med ressursar og å ta vare på det vi har – det ligg i vår historie og erfaring. Vår hovudsak har alltid vore at gode skal bli likeleg fordelt. Vi kjempar mot skeivfordeling – fordi det er grunnleggjande urettferdig.

For over hundre år sia gjekk oldemora mi i 1.-maitoget med ein støvel og ein sko. Fordi det var det ho hadde å ha på beina. Og fordi ho ikkje lot skam over manglande skotøy stoppe henne frå å kjempe for ei anna framtid.

Det er berre nokre veker til dagen då lommeboka ikkje bestemmer kven som har mest makt

I hundre år har vi vore på ei lang rettferdsreise. Men samtidig har dei rikes «bruk og kast» forblitt det rådande idealet: Reparasjon og gjenbruk betyr pengemangel – og det er ikkje kult.

Men: No er det stopp. Vi kan ikkje lenger hente ut uendelig med ressursar frå naturen. Dei alt for høge CO2-utsleppa har lært oss at vi må begynne å telje med alle som lev på kloden. Og vi må telje med barnebarna våre.

Derfor går Ap til val med ei kraftig satsing på sirkulærøkonomi, der vi lærer av det våre forfedre forsto: Ressursar skal ikkje gå til spille. Gjenbruk må inn i alle reknestykka. Varer skal lages for å vare. Og vi vil kreve at produsentar gir både informasjon om korleis vi kan få reparert sakene dei har laga – og at vi kan få fatt i nye delar.

Under koronatida har mange handla mindre nytt. Anten fordi butikken er stengd, fordi ein har meir tid - eller fordi ein har mindre pengar. Folk sel og kjøper på Finn, utan å belaste jorda med nye produkt. Ser vi starten på ein annan tenkemåte enn at «forbruk og kast er best»?

I eit rettferdig samfunn treng vi deg som kan reparere og gjenbruke, ikkje berre forbruke. Å spare på det vi har – det er å skape verdi! Med denne måten å tenke på skal vi også sikre at alle har arbeid å gå til! Arbeidarpartiet vil bygge landet med ein ny industri der ressursar blir gjenbrukt og resirkulert. Her ligg Fredrikstad allereie langt foran i løypa, med dei nye grøne industriarbeidsplassane som blir skapt på Øra.

Det er berre nokre veker til dagen då lommeboka ikkje bestemmer kven som har mest makt. Vi håper du løftar stemmeseddelen din for ei rettferdig fordeling av våre felles ressursar.

Les også

Alle snakker om det grønne skiftet, men hva er det og hva må vi gjøre?