Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Bruken av bokmål og nynorsk i det nye storfylket har enno ikkje blitt diskutert i samanslåingsprosessen for Viken. Dette er eit viktig punkt som må opp på agendaen. Samanslåingsnemnda må ta omsyn til språkmangfaldet i det nye storfylket.
I dag har Buskerud og Akershus valt nøytral målform, mens Østfold har bokmål. Viken får tre nynorskkommunar: Ål, Gol og Hemsedal. Dermed bør målform «nøytral» også vera eit rett val for storfylket som heilskap.
Men berre å kalle eit fylke «språknøytralt» er dessverre ingen garanti for det språklege mindretalet skal få bruke og møte språket sitt i kommunikasjonen med fylket. Eit «nøytralt» Viken kan lett bli ein rein bokmålsregion dersom det ikkje blir laga ein plan for språkbruk.
Frå 2020 får storfylket eit ansvar for å ta vare på nynorsktradisjonen som finst i kommunane i Hallingdal, men også for å legge til rette slik at det blir lett å vera nynorskbrukar alle stader i fylket.
Det skal ikkje vera vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Viken fylke, verken som brukar av tenester, som tilsett eller som elev i vidaregåande skule. Begge målformer må vera synlege og med i ein kommunikasjonsplan. Det handlar om identitet for veldig mange.
Synleg bruk av nynorsk skriftmål i det nye fylket blir òg eit viktig ryggstø for dialektane som jo er svært utsette mange stader. Stortingsmeldinga «Mål og meining» i 2008 slo fast at i alle offentlege tiltak skal ein ta omsyn til dei behova som nynorskbrukarane har. Denne haldninga går igjen i Jeløy-plattforma frå den nye regjeringa: «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.»
I samanslåingsprosessen vi nå har framfor oss, må fylkespolitikarane våre vise at dei har skjønt desse føringane. Enkelt sagt må det bli like lett og sjølvsagt å skrive nynorsk som bokmål i det nye, store fylket Viken.