Østfold fylkeskommune vil ha det byråkratisk

Magne Aasbrenn klager på at tiltak for å redusere byråkratiet for lærere i videregående skole ikke blir fulgt opp i Østfold.

Magne Aasbrenn klager på at tiltak for å redusere byråkratiet for lærere i videregående skole ikke blir fulgt opp i Østfold. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Er det nødvendig å vere meir «direktoratisk» enn direktoratet, kjære skoleleiarar i Østfold? spør Magne Aasbrenn.

DEL

Meninger 

I juni i fjor kom Utdanningsdirektoratet og minister Torbjørn Røe Isaksen med nokre gode tiltak for å redusere byråkratiet i skolen. Eit av dei var at lærarane ikkje lenger trong å «dokumentere at underveisvurdering er gitt». Altså skal elevane framleis få vurderingar av lærarane i løpet av skoleåret, men det er unødvendig å skrive ned etterpå at ein har hatt den og den samtalen med eleven. – Det er travelt, se, må springe til neste time!

Før dette vedtaket i direktoratet hadde det gått ein debatt som gjekk ut på at ein skulle få bort unødvendig byråkrati og tidstjuvar i skolen. Min reaksjon da dokumentasjonskravet tilsynelatande forsvann i juni, var at her fekk vi endeleg sjå eit stykke tillit til at lærarar gjer jobben sin. Det Udir skreiv lét som rein fornuft: «Bakgrunnen for opphevelsen er at bestemmelsen ikke var nødvendig, og den skapte ekstra byråkrati for skolene.»

I Østfold fylkeskommune ser det ut til at direktøren for Opplæringsavdelingen går for den byråkratiske varianten likevel!

Men: I Østfold fylkeskommune ser det ut til at direktøren for Opplæringsavdelingen går for den byråkratiske varianten likevel! Etter at rektorkollegiet i fylkeskommunen fekk uttale seg på eit møte 17. desember i fjor er det bestemt at Østfold skal sjå bort ifrå endringa i junibrevet frå Utdanningsdirektoratet: Lærarar på vidaregåande skolar her i fylket skal framleis både skrive ned vurderinga og at vi har vurdert.

Dessverre er det ikkje noko i juni-skrivet til Utdanningsdirektoratet som hindrar at Østfold framleis kan gå for den gamle, byråkratiske varianten. Som det heiter: «Det ligger innenfor skoleeiers styringsrett å kreve mer skriftlig dokumentasjon av underveisvurdering enn det som følger av forskriften.»  Men er det nødvendig å vere meir «direktoratisk» enn direktoratet, kjære skoleleiarar i Østfold? Hugs at eg skal rekke den neste timen.

I alle fall så håpar eg det blir gjort ein skikkeleg dokumentasjon av korleis undervegsvurderinga blir dokumentert, og for ordens skyld: denne undervegsvurderingdokumentasjonen blir vel evaluert, sjølvsagt med tilhøyrande dokumentasjon? Mindre kan ein ikkje be om.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags