Ord trykker på frå vest

Shopping Torvbyen: Engelsk pressar seg på i firmanamn og, slik me ser døme på i Torvbyen.

Shopping Torvbyen: Engelsk pressar seg på i firmanamn og, slik me ser døme på i Torvbyen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er ein rikdom å lære språk og ta til seg ny teknologi. Men det er ei utarming å bli så forgapt i alt nytt, at ein nedvurderer eigen kultur og eige språk, skriv Ragnhild Lier i høve «Hællæ nynorsk»-festivalen.

DEL

Kronikk 

Så langt attende vi kjenner til, har norsk lånt ord frå andre språk. Men aldri før har framand  påverknad på norsk språk vore så sterk som i dag. Aller sterkast er trykket frå engelsk. Dette trykket kjem frå  fleire hald:

Styresmaktene ynskjer at flest mogleg skal ha god engelskkompetanse. Slik vart engelsk gjort til eit skulefag for alle alt frå 1950-talet. Etter den tid har timetalet i faget auka, og opplæringsstarten vorte flytta nedover i klassetrinna. I dag blir ikkje engelsk lenger kategorisert som eit framandspråk (slik tysk, fransk og spansk blir).  

Ragnhild Lier.

Ragnhild Lier.

Mange firma driv verksemd både i Noreg og i andre land. I staden for å operere med fleire nasjonale språk, finn leiarane det enklare å ha eitt språk utan omsyn til kva for land avdelinga er lokalisert i.

Bakgrunn:

  • Ragnhild Lier skriv denne kronikken om press mot norsk språk i høve nynorskfestivalen «Hællæ nynorsk» som vert arrangert i Fredrikstad frå tysdag til torsdag.
  • Tysdag kjem Fredriksstad Blad si eavis i to utgåver, ei på bokmål og ei på nynorsk.

Oftast fell valet på engelsk. Slik er det mange nordmenn som får engelsk som arbeidsspråk, trass i at arbeidsplassen ligg her i landet.

Engelsk følgjer med mykje av den teknologien vi brukar dagleg. Vi køyrer bilar med Cruise control, Crossover, Around View Monitor osv.  Ikkje minst møter vi engelske ord og uttrykk når vi brukar digitalt utstyr og digital programvare. Her har vi hardware  og software, vi arbeider i Windows og Word, vi mailar, lagar powerpoint og legg tekstar i OneNote. 

I dagleglivet er mange engelske ord så godt etablert at vi knapt tenkjer på at dei er lån. Vi et lunch, bookar billettar, går til gaten, datar ein person vi er interessert i osv. Smått om senn blir tale og skrift i norske miljø anglofisert.  

Eg kvakk da eg for nokre veker sidan fekk høyre brannvarslinga på Greåker v.g. skole. Etter lydsignalet og ei kort melding på norsk, slo talevarslinga over til engelsk, og den engelske varslinga rulla og gjekk så lenge alarmen stod på. Den trygge, lune meldinga på østfolddialekt frå vaktmeisteren var  bytt ut med framandt mål. 

Media avspeglar i ein viss grad kva gjennomslag engelsk har på dei ulike samfunnsarenaene. I reportasjar om nyetableringar i næringslivet er den engelske språkpåverknaden tydeleg, spesielt om det er ein bransje som baserer seg på  ekspor. Namn som Fredrikstad Seafoods, Nordic Aquafarms og Shashimi Royal viser at norsk/nordisk ordtilfang ikkje strekk til for nye bedrifter som skal byggjast opp. Ja, fisken som skal nyttast i produksjonen, må også omtalast på engelsk: yellowtail kingfish skal forast opp for å bli råstoff, les vi i FB 28.10. 

Eit døme på god og medviten bruk av  både norske og engelske ord og uttrykk finn vi i spalta God Helg i FB laurdag 1. oktober, der journalist John Johansen kommenterer kampen mellom dei amerikanske presidentkandidatar Hillary og Trump.

Han karakteriserer  møtet mellom dei to med  østfolduttrykket dæljer løs på hverandre, for så seinare å kalle møtet en slags «rap-battle» - ikke på gata, men i TV-studio. Med desse velvalde uttrykka får JJ møtet mellom presidentkandidatane til å stige levande fram for oss. 

Vi bør ta til oss det vi kan lære av andre, men vi må samtidig sjå verdien i det vi sjølve har, og dyrke og vidareutvikle det.

Skal ein så stritte imot – eller skifte over til engelsk så fort som råd? Å stritte imot, kan føre oss inn i isolasjon, medan om vi raskt styrer mot eit språkbyte, vil vi truleg også lett gje opp verdiar ved vårt eige språk og vår eigen kultur. 

Meir konstruktivt vil det nok vera å prøve å skape ein debatt om korleis vi best utviklar våre språklege og kulturelle verdiar. På den måten kan vi lyfte fram eigenarten ved vår levemåte, og slik yte ein skjerv til mangfald i vår europeiske og globale kultur.  

Vi bør ta til oss det vi kan lære av andre, men vi må samtidig sjå verdien i det vi sjølve har, og dyrke og vidareutvikle det. Det er ein rikdom å lære språk og ta til seg ny teknologi.  

Men det er ei utarming å bli så forgapt i alt nytt, at ein nedvurderer eigen kultur og eige språk. Fyrst med fast fotfeste i det som er vårt, kan vi vera fullverdige medspelarar i det globale samfunnet vi er medlemmer i. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags