Samferdselsministeren om trasévalg og omkamp

Samferdselsminister Jon Georg Dale under sitt besøk i Råde torsdag.  – Oppsummert meiner eg difor det same som min forgjengar har gjort, skriver han om trasé for dobbeltsporet.

Samferdselsminister Jon Georg Dale under sitt besøk i Råde torsdag. – Oppsummert meiner eg difor det same som min forgjengar har gjort, skriver han om trasé for dobbeltsporet. Foto:

Av

Samferdselsminister Jon Georg Dale fastholder at det ikke er noe grunnlag for å diskutere jernbanetrasé gjennom Østfold, men han har ikke «låst døra og kastet nøkkelen».

DEL

Leserbrev

Etter mitt besøk i Råde for å sjå på dei krevande grunnforholda på deler av dagens jernbanetrasé har det dukka opp ein debatt om traséval for jernbanen gjennom Østfold. Det meiner eg det ikkje er grunnlag for.

På spørsmål om det er aktuelt med annan trasé enn den som hittil er valgt, svarte eg klart og tydeleg nei på det. Det gjer eg fordi det ikkje har kome slike henvendelsar frå lokale planmyndigheiter.

Det er likevel ingen grunn til å lese dette slik Moss Avis gir inntrykk av, nemleg som om eg har låst døra og kasta nøkkelen. Det har eg nemleg ikkje. (Samme sak ble publisert i Fredriksstad Blad, les den her.)

Mitt utgangspunkt er at det framleis står mange planmessige avklaringar att før alle valg er tatt. I kommuneplan og reguleringsplanprosessen vil Bane Nor og lokale myndigheiter måtte samarbeide tett for å finne gode løysingar, som både ivaretek lokale ønskjer og behovet for ein effektiv logistikk. Gjennom denne prosessen er det mulig å ta ei rekke hensyn som ein lokalt har sterkt engasjement for.

Samtidig er dei konseptuelle valga for linjeføring tatt. Det er det som sikrar at vi kan ha høgt trykk på å realisere dobbeltspor gjennom Østfold. Det foreligg pr. dato ingen lokale vedtak som skulle tilsei at ein endrar det konseptuelle linjevalget no. Om slike vedtak kjem, vil eg måtte ta stilling til det då. Samtidig er det nødvendig for meg å være ærleg på at det i så fall vil kunne forsinke framdrifta i prosjekta. Dersom ein likevel ønskjer det lokalt må det være ein del av forståelsen ein legg til grunn.

Oppsummert meiner eg difor det same som min forgjengar har gjort. Gjennom vidare planprosess er det handlingsrom for å finne lokale tilpasningar som tener lokale interesser.

Konseptvalget er foretatt. Dersom ein lokalt gjer vedtak om å endre dei konseptuelle vala, vil vi måtte ta stilling det til då. Ein må då ta med i betraktninga at det kan få betydning for framdrifta.

Fakta:

  • I Konseptvalgutredningen som Jernbaneverket la frem i februar 2012 heter det om trasévalg for IC-tilbud mellom Oslo og Halden:
  • Dette innebærer dobbeltspor og med stopp i alle Østfold-byene.
  • Ved økende trafikk anbefales det på sikt å gjennomføre tiltak for gjennomgående godstog for å avlaste Vestre linje, bruk av Østre linje kan være aktuelt.
  • Strekningen mellom Sarpsborg og Halden anbefales dimensjonert for hastighet 250 km/t.
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags