Her vann han kampen om Østfold-målet

10. februar 2015:  Ingeborg Moræus Hanssen og Magne Aasbrenn møttest til språkkamp i Aktuelt på NRK 2. Aasbrenn og Østfold-målet stod att som vinnar, meiner kronikkforfattaren.
Foto: skjermbilete frå programmet

10. februar 2015: Ingeborg Moræus Hanssen og Magne Aasbrenn møttest til språkkamp i Aktuelt på NRK 2. Aasbrenn og Østfold-målet stod att som vinnar, meiner kronikkforfattaren. Foto: skjermbilete frå programmet

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Debattprogrammet Aktuelt 10. februar 2015 står på mange vis som det avgjerande slaget i denne maktkampen, skriver Hans Rasmus Glomsrud om møtet mellom Moræus Hanssen og Aasbrenn.

DEL

Kronikk 

Østfold-dialekten har vore rakka ned på lenge, men blir no hylla og kalla verneverdig. Det viser at slike maktkampar aldri er avgjorde ein gong for alle.

I vinter fekk vi eit eksempel på at diskusjonar om språk som regel blir kjensleladde. Det blei stor ståhei da Ingeborg Moræus Hanssen kasta seg på ein debatt om Østfold-dialekten. Ho meinte nemleg det var mykje han ikkje dugde til, og at han ikkje kunne brukast i offentlege rom. Moræus Hanssen kjem opphavleg frå Sarpsborg, men som kinosjef i Oslo var det uaktuelt for henne å bruke ein dialekt ho meinte mangla «autoritet». Slik blei det bråk av.

Språk kan vera en kamp om makt. Språket seier mykje om kven vi er og kvar vi kjem frå. Ikkje minst seier det mykje om kven vi ønskjer å vera. Språket er uløyseleg knytt til det å leva saman med andre menneske. Det er ein av dei viktigaste identitetsmarkørane vi har. Når nokon prøvar å snevre inn bruksområdet for eit språk eller ein dialekt, eller tilmed definere det heilt ut or bruk, er det ein kamp om makt.

Hans Rasmus Glomsrud.

Hans Rasmus Glomsrud.

Sjølv om det neppe var meininga, framstod Moræus Hanssen som ein undertrykkar. Det at ho sjølv var østfolding, skapte eit inntrykk av å stikke sine eigne i ryggen. Det var ho som skulle utnytta statusen sin til å heie fram dialekten og gi den status. I staden trykte ho sitt eige språk ned. Det var i alle fall slik det framstod. Men østfoldingane let seg ikkje tråkke på. Det blei storm. Sjølv var eg av dei som skreiv innlegg for å ta i forsvar det mange ser på som ein umisteleg del av det å vera østfolding.

Diskursen om Østfold-målet har endra seg.

I 2015 er det ikkje lenger greitt å rakke ned på Østfold-målet.

Diskusjonen rundt kvalitetane til Østfold-målet er ikkje ny. I alle år har det vore ordskifte om statusen til dialekten, eller rettare sagt mangelen på status. På 70-talet viste undersøkingar av Oslo-folks haldningar til dialektar at Østfold kom dårleg ut. På spørsmålet «Hvilken dialekt liker du minst?» svarte ein av fem Østfold-mål. Øyvind Johannessens Raymon-figur har også vakt debatt. Det har vore dei som har meint han har bidrege til å latterleggjera østfoldingen. Andre har derimot meint at stigmatiseringa av Østfold-målet stikk djupare enn som så, og ikkje kan skuldast éin populær revyfigur.

Bakgrunn:

  • Kronikken er tidligere publisert i Socius, sosiologistudentenes tidsskrift ved Universitetet i Oslo.
  • «Hver gang noen angriper Østfold-dialekten, blir den styrket», har leder Magne Aasbrenn i Østfold Mållag uttalt.
  • Han har opplyst at mållaget fikk flere medlemmer etter det nevnte utspillet til Ingeborg Moræus Hanssen.

Moræus Hanssen skreiv seg altså inn i ein lang tradisjon. Men det store engasjementet som blei vekt til forsvar for dialekten og kulturen han representerer, viste at makt kan utøvast begge vegar. I mange år har autoritetane som regel dømt dialekten ned. Dette ser no ut til å vera over. Definisjonsmakta er kommen i andre hender.

Dei seinare åra har bore med seg ei statusheving for Østfoldmålet. I fjernsynet blir målet trekt fram som unikt og verdt å ta vare på. Kjende østfoldingar står fram i intervju som angrande syndarar og seier dei aldri skulle lagt av seg dialekten. Knut Nærum, frå Halden, svarte slik til Dagbladet på det klassiske spørsmålet om ikkje Østfold-målet er stygt: «Det er grovt diskriminerende, og dessuten er det usant. Østfold-dialekten er noe av det fineste vi har, og jeg skulle gjerne hatt mer av den selv».

6. mars 2013 er i denne samanhengen ein merkedag. Denne dagen kom heile Fredriksstad Blad ut på dialekt. Dette var ei kraftfull markering av at Østfold-målet er umisteleg. Kronikken som Moræus Hanssen skreiv, og som sette det heile i gong, står som eit krigshyl i nederlagets time, ein bodskap ute av si tid. I 2015 er det ikkje lenger greitt å rakke ned på Østfold-målet.

Undertrykkinga av Østfoldmålet går mot slutten.

Kampen om Østfold-målet har vore ein kamp om makt. Ingeborg Moræus Hanssen er ikkje unik. I alle år har det å legge av seg dialekten sin vore ein strategi for dei østfoldingane som ville opp og fram her i landet. Sjølv i dag er det vel ingen stortingsrepresentantar frå Østfold som brukar Østfold-målet i Stortingssalen. Dermed glir dei inn i mengda av anonyme politikarar frå Austlandet. I kampen med resten av landet om å setta eigen region på kartet lar dei den kraftigaste markøren av identitet segle ned Glomma og ut i Oslofjorden.

For forteljinga om Østfold-målet er au ei forteljing om motmakt, og ho visar at status kan endrast. Språket frå denne delen av det sør-austre delen av Noreg er no i ferd med å finne plassen sin i ei lange rekke av likeverdige dialektar.

Debattprogrammet Aktuelt 10. februar 2015 står på mange vis som det avgjerande slaget i denne maktkampen. På den eine sida stod Ingeborg Moræus Hanssen som forsvarar av det gamle hegemoniet. Til venstre for henne stod Magne Aasbrenn, ein leiarfigur i kampen for Østfold-målet. Mellom dei var programleiar Ole Torp. I løpet av programmet kjempa dei to østfoldingane for kvar sine syn. Men Torps spontane reaksjon i sluttsekunda viste at det gamle hegemoniet til slutt hadde falle.

  • AVSTEMNING NEDERST PÅ SIDEN: Undertrykkinga av Østfoldmålet går mot slutten.

På spørsmål om det ikkje ville vera rart å bruke Østfold-dialekten i eit sånt viktig program braut han ut: «Her i Aktuelt set vi pris på alle Noregs dialektar, for vi femnar heile landet». Kampen var over. Østfold-målet stod att som vinnar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags