Fredrikstad er på stell. Ikkje fordi vi er heldige. Men fordi det er venstresida som har styrt byen i nær alle år

Anne Marit Godal, 14.-kandidat Fredrikstad Ap

Anne Marit Godal, 14.-kandidat Fredrikstad Ap Foto:

Av

– I byer som har vært arbeidarstyrt lenge, som i Fredrikstad, har vi nedkjempa store klasseskilje, skriver Anne Marit Godal, selv imponert innflytter til byen og kandidat til bystyret for Arbeiderpartiet.

DEL

Leserbrev

Er det utydeleg kva valet står om? Vi lev i ein by vi kan vere stolte av, som er kåra til landets mest attraktive. Den vesle verdsbyen, som har stor tilflytting fordi det er godt å leve her. Sjølv er eg ein tilflyttar – og sett utanfrå kan eg seie: Eg er så imponert! Fredrikstad er på stell. Ikkje fordi vi er heldige. Men fordi det er venstresida som har styrt byen i nær alle år. Bymiljøet er levande, inkluderande og menneskevenlig – derfor er det også trygt i byen vår. Raude folkevalde har passa på at det er muligheit for gode jobbar. Velferd for alle.

Å stemme er eit retningsval.

Det fins alltids mange uløyste saker. Men å stemme handlar ikkje om ei eller to saker. Det er eit retningsval. Her vi lev, i Fredrikstad, må vi aldri finne på å tro at det er viktig for Bjørnar Laabak, Truls Velgaard og co å ta vare på velferda, å sørge for at alle skal med. Rett nok er dei ofte forsiktige. Dei går med museskritt, akkurat som barn i leiken der du ikkje skal bli oppdaga om nokon snur seg og ser. Men dei går, og dei går i motsett lei.

Du kan sjå det når Frp stemmer mot at dei som arbeider på bar skal vere garantert lovlege arbeidskontraktar med minsteløn. Og du kan sjå det tydeleg på landsplan, der dei blå styrer. Det skjer ein stille samfunnskamp i det blåfarge-styrte landet vårt. Det er sjølve fellesskapsprosjektet vi bygde opp, som blir demontert. For nokre år sida var stadig Noreg kåra til det beste landet i verda, med den jamnaste fordelinga. Men no aukar dei urettferdige skilnadene. Den rikaste 10-delen stikk frå. Er du mellom dei 1000 aller rikaste, betaler du nå 1,5 millionar mindre i formuesskatt enn du gjorde før. Då kan du stemme blått.

Men når dei rike får meir, må dei med minst betale. For samtidig har 30 prosent av oss mindre pengar å betale rekningar med, enn vi hadde då dei blå overtok.

Samtidig har mange tusen menneske, midt i livet, blitt fratatt sin verdigheit: Dei er fratatt retten dei hadde til arbeidsavklaringspengar, sjølv om det er NAV og legane som ikkje har rekt å avklare om dei er friske nok til å jobbe og eventuelt. har rett til trygd! I staden må folk no på sosialen og be pent for seg. Dei blå tar både pengar og verdigheit frå dei som slit med livsflokene. Dei angrip dei som er minst i stand til å forsvare seg.

Det arbeidarbevegelsen kjempar for, er alles rett til kjensla av verdigheit. Det er derfor vi vil ha velferdsordningar og rettigheitar som skal gjelde alle – ikkje høgresidas almisser til dei fattigaste. For solidaritet er ikkje bare nestekjærleik. Den sprang ut av behovet for å stå saman. Samhald gir styrke. Ved å krevje i fellesskap, kan dei som kvar for seg er makteslause, oppnå makt.

Det som samlar arbeidarbevegelsen, er ikkje berre verdiar som «solidaritet». Verdien er bygd på ei felles erfaring, i slekta vår, rundt oss eller i eige liv – erfaringa av åssen det er å vere nedst ved bordet. Andre har lært seg å kjøpe seg ut av alle slags vanskar. Vi har lært noko anna: Å skjøtte seg vel så du kan få jobb. Kor ille det kan bli om du ikkje få jobb. Å ikkje ha råd til det andre har råd til. Å spare på det vi har. Mange av oss forstår kjenslene som følger av å være nedst. Kjensla av skam påført gjennom fattigdom.

Vi veit også at fortsatt kan det vere synleg om du har dårlig råd. Det er derfor dei tre store nye forslaga frå landsmøtet i Arbeiderpartiet handlar nøyaktig om dette: Tannlege som vanlig helsehjelp – så ingen skal kunne sjå på tenna dine om du er fattig eller rik. For oss er det viktig at alle skal kunne smile – stolt! Gratis skolemat – så ingen barn må skamme seg over å mangle matpakke. Gratis SFO – så alle førsteklassingar har råd til å bli igjen og leike etter skolen.

På vakt mot demontering av fellesskapen

Da Einar Gerhardsen oppsummerte sitt livsverk, peika han meir på ei kjensle enn på all konkret politikk: Livsverket var «at ingen lenger måtte stå med lua i handa».

I 130 år har Arbeidarpartiet tatt små og store skritt i den retninga. Det er 100 år sida vi fekk gjennom vårt første store krav: Åtte timars arbeidsdag. Og i byer som har vært arbeidarstyrt lenge, som i Fredrikstad, har vi nedkjempa store klasseskilje. Men arbeidet må fortsette – og på valdagen kan du vere på vakt for at høgresida ikkje skal få demontert fellesskapen i Fredrikstad slik dei demonterer den i landet.

Midt iblant oss i byen vår er framleis mange som har ein kamp å kjempe, som kan kjennes heilt som deira eige. Men problem du kan oppleve som personlege, er ofte delt med andre – det er ikkje private erfaringar. Dei kan bli endra ved å endre rammene i samfunnet – politikken. Eg står på 14. plass på lista for Arbeidarpartiet i Fredrikstad. Om eg er så heldig å bli vald inn i kommunestyret, vil eg vere tillitsvald for dei som strever. Eg vil ta min skjerv for ein by der du og alle andre er frie og likeverdige – i fellesskap.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags