Visst er Nygård versting

Tapperør: Brevforfatter Astrid Folland mener kommunen burde forlenge tapperøret i Bjølstaddammen. Tilsendt Foto

Tapperør: Brevforfatter Astrid Folland mener kommunen burde forlenge tapperøret i Bjølstaddammen. Tilsendt Foto

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

«Nygård stadfestar påstandane mine i svaret sitt. Han og Fredrikstad kommune er miljøverstingar! Nygård innrømma at kommunen ikkje opprettheld ansvaret for Bjølstaddammen, og er i ferd med å utradere ein dam med trua artar, for å spare pengar.» Slik starter Astrid Folland sitt leserinnlegg om Bjølstaddammen.

DEL

Han meiner at ei «beboergruppe» skal kjøpe, vedlikehalde og drifte dammen, fordi det vil bli «uforholdsmessig store kostnader» for kommunen å utbetre dammen for å redde stor salamanderen. Dersom «beboergruppa» ikkje vil overta driftsansvaret, vert dammen truleg nedlagd, slik kommunen føreslo til NVE etter tømminga i januar 2013.

BAKGRUNN: Drøyt å kalle meg versting

Kva meiner Nygård er «uforholdsmessig» mykje å betale for bevaring av trua artar? Jonas Gahr Støre bør rette Arbeidarpartiet sitt partiprogram til følgjande: «Vi vil aktivt utradere truede arter og artsmangfold for å spare penger»! Sentralstyremedlem i Ap, Jon-Ivar Nygård, praktiserer i alle fall dette. «Miljøsatsinga» til Arbeidarpartiet er tydelegvis ein bløff! Eg lurer på om alle partia var einige i at kommunen ikkje skulle oppretthalde driftsansvaret eller sikre bevaringa av stor salamanderen. Vil ingen politiske parti i Fredrikstad satse på bevaring av naturmangfald?

Ordføraren meiner at han ikkje er ein miljøversting fordi anmeldelsen om grov miljøkriminalitet blei henlagt. Henlegging av ei politisak betyr nødvendigvis ikkje at ein ikkje er skuldig i lovbrot! Naturmangfaldlova skal sikre naturmangfaldet, men rammar sjeldan kommunane. Ordføraren er i ferd med å utrydde bestanden av stor salamander i Bjølstaddammen for alltid – difor er Jon-Ivar Nygård og Fredrikstad kommune miljøverstingar!

LES OGSÅ: Vurderer påtale etter arbeider med Bjølstaddammen

I staden for fatale «midlertidige» leiredemningar, kunne kommunen meir skånsamt ha forlenga eit tapperør i januar 2013. (Olimb ordnar rør vinterstid også!) Alternativt kunne dei ha tetta røret inne i dammen, sidan det kun var ein rørlekkasje. NVE godkjende to meter vannstand utan utbetringar, men kommunen valde 1,5 meter.

Ordføraren kjem med «bortforklaringar» og lagar ei overdriven og kostbar framstilling om kva som må gjerast med dammen. Kommunen burde ha undersøkt styrken til dei eksisterande damkronene før dei spår at det må byggjast to nye kroner for å heve vannstanden. Ifølgje konsulentrapporten var normalvannstanden 2,7 meter, ikkje 3-4 meter som Nygård hevda! Saka dreier seg maks om 70 cm over NVE sine to meter. Dersom kronene må styrkast, så bør dette gjerast på utsida av dammen og vil då ikkje berøre naturmangfaldet, slik Norges fremste amfibieekspert, Dag Dolmen, føreslo i eit intervju med NRK 12.06.13.

LES OGS: Natur og Undom har engasjert seg

Kommunen sine «praktiske tiltak» «tidligst» hausten 2015, betyr truleg slutten for stor salamanderen i Bjølstaddammen. Ei slik utradering av trua artar er skammeleg og viser mangel på respekt for naturmangfaldet! Ordføraren ønskjer ikkje å forvalte dammen for komande generasjonar, men legg skjebnen til naturmangfaldet i hendene på makteslause naboar. Eg håpar verkeleg at klima- og miljøminister, Tine Sundtoft, no vil gripe inn mot Fredrikstad kommune si «naturforvalting»!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags